Av:
Stord kommune
Publisert:
06.07.2010
Innhold sist oppdatert:
16.12.2010 10:22:00
Oppdatert:
04.11.2010
Om SFO-tenesta
Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. trinn og for barn med særskilte behov i 1. til 7. trinn.
Det er rektor på kvar skule som har ansvar for skulefritidsordninga, men kvar ordning har eigen leiar. SFO har fast grunnbemanning og eit opphaldsareal som legg til rette for leik og varierte aktivitetar.
Daglege opningstider er normalt mellom kl 06.45 – 16.15.
Vilkår
Eleven må vere busett i kommunen.
Rettleiing
Inntak av barn vert gjort ved den enkelte skulen, og Samarbeidsutvalet er godkjenningsinstans. SFO-gruppene har faste vedtekter og inntakskriteria er felles for skulane.
Hovudinntaket skjer om våren og gjeld for eitt skuleår, eller til plassen vert sagt opp. Ein må søkja på nytt for kvart skuleår.
Søknadsskjema skal ikkje brukast til endring av plass. Då må ein ta kontakt med den aktuelle skulen.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Sommarferie og skulefrie dagar
Komitè for oppvekst og utdanning har vedteke å gi tilbod på skulefrie dagar og i sommarferien på følgjande skular; Rommetveit, Leirvik, Langeland og Tjødnalio.
Barn frå Hystad skule har base på Rommetveit skule, medan barn frå skulane Litlabø og Sagvåg har base på Tjødnalio skule.
Det må vera minimum 15 elevar per gruppe for å gi tilbodet på ein skule.
Prisar
- pr. elev for august 2012 kr. 1 770,-
- pr. elev for elevfrie dagar, skuleåret 2012/2013 kr. 2 950,-
- pr. elev for juni 2013 kr. 1 180,-
Bruk eige søknadsskjema for sommar-SFO og SFO på skulefrie dagar gjennom skuleåret