Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  27.09.2010
 
Oppdatert: 16.05.2012

SFO

Skulefritidsordninga, SFO, er eit tilbod for elevar på 1. til 4. årstrinn. På SFO er det leiken som står i fokus. Me legg vekt på at alle skal ha nokon å leika med, at alle skal kjenne seg trygge og at barna skal få delta i varierte aktiviteter.

Barna får høve til å delta i frileik ute og inne, spela spel i lag, vera med på formingsaktivitetar og gymaktivitetar.

Om tysdagane lagar me mat, som regel eit varmt måltid. Dei andre dagane har barna med seg ekstra matpakke til SFO. Alle som vil ha, får mjølk.

Siste torsdagen i månaden er det bursdagsfeiring med is. Då feirar me dei som har hatt bursdag sidan sist.

Opningstider

SFO ved Leirvik skule har ope frå 6.45 om morgonen og fram til skulestart klokka 8.30. Deretter opnar SFO att etter at skulen er slutt og har ope fram til kl. 16.15. 


Slik søkjer du plass

Dersom du ynskjer plass ved SFO nyttar du søknadsskjema som du finn i informasjonsboks til høgre på denne sida. Der finn du også lenke til betalingssatsar for denne tenesta. 

Kontakt oss

Telefon SFO, Leirvik skule:

1.trinn 53 40 96 55  
2.trinn 53 40 96 56  
3. og 4.trinn   53 40 96 63  
Uteaktivitet Inneleik

Ringleik

 

Leirvik skule
Vikabrekko 51
5411 Stord

 

Telefon skule: 53 40 96 50
Telefon SFO: 53 40 96 55

Ansvarleg redaktør: Bjarte Bongom