Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Vinnarane og klassen syner fram ein modell av vind- og vassmølla.
Av:  Nina Sørli
Publisert:  16.06.2011 15:31
 
Oppdatert: 16.06.2011 15:32

Viste vinnarkonseptet for kommunestyret

Femteklassingane frå Leirvik skule som vann den landsomfattane konkurransen SMARTare energi 2011 har no vore kommunestyret og vist fram oppfinninga si.

Fredag 17. juni 2011: I dag er dei i Oslo

Med seg til rådhuset hadde dei modellen av det flytande offshore-tårnet med innebygd vass- og vindmølle. Resten av klassen stilte som publikum. Dei fire vinnarelevane synte fram modellen og fortalde om det innovative konseptet sitt. 

Til Oslo for å ta i mot prisen

I mars vann elevane frå Leirvik skule fylkesfinalen på VilVite i Bergen. I mai stakk dei altså av med sigeren i landsfinalen i Oslo. Fredag 17. juni drar vinnarlaget til Oslo for å ta i mot SMARTing-prisen 2011.   

Berre i Sunnhordland var det 450 elevar som i vinter gjennomførte prosjektet SMARTere Energi i regi av Ungt Entreprenørskap og skulane. Kværner Stord og Stord kommune hadde levert problemstillinga til Stordelevane.

Juryen si grunngjeving

– Gruppa har levert eit grundig arbeid, og ein flott presentasjon. Dei viser at dei har reflektert godt rundt dei elementa som inngår i vatn- og vindmølleoppfinninga. Dei har også ein god struktur og faktadel i presentasjonen sin, skreiv juryen.

På andre plass i landsfinalen kom elevar frå Hillestveit skule på Bømlo.

Bildet: Vinnarlaget med modellen framfor resten av femteklasse frå Leirvik skule etter vitjinga i kommunestyret.

På vinnarlaget, frå venstre:

Line Fadnes
Emma Hinderaker Pedersen
Lars Hystad Aadland
Morten Haraldsen 

Leirvik skule
Vikabrekko 51
5411 Stord

 

Telefon skule: 53 40 96 50
Telefon SFO: 53 40 96 55

Ansvarleg redaktør: Bjarte Bongom