Av:
Nina Sørli
Publisert:
21.11.2011 09:32
Oppdatert:
21.11.2011 09:40
Varsel om innføring av avgiftsparkering bak rådhuset
Frå 1. desember 2011 vert det innført avgiftsparkering bak Stord rådhus. Dei som parkerer her skal nytta eksisterande parkeringsautomat ved torget.
I Stord kommunestyre sitt møte 14. april 2011 vart det gjort vedtak om å innføra offentleg avgiftsparkering bak Stord rådhus. Vedtaket vart stadfesta av Stord formannskap 19. oktober 2011.
Dei offentlege parkeringsplassane ved rådhuset vil vera knytt opp mot eksisterande parkeringsautomat ved Leirvik torg. Gebyrsatsane vil vera i samsvar med det som gjeld i Leirvik sentrum sitt definerte kjerneområde.
Heimel for innføring av avgiftsparkering er FOR 1993 - 10 – 01 NR.921 : Forskrift om offentleg parkeringsregulering og parkeringsgebyr § 2.