Av:
Stord kommune
Publisert:
19.10.2011 14:00
Oppdatert:
27.10.2011 09:32
Personar med risikosjukdom vert tilrådd vaksinasjon mot influensa og pneumokokksjukdom
Fylgjande risikogrupper får tilbod om vaksine ved Førebyggjande helsetenester:
- Personar over 65 år
- Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
- Vaksne og born med alvorleg luftvegssjukdom
- Vaksne og born med kronisk hjarte/kar sjukdom
- Vaksne og born med sjukdom som gjev nedsett infeksjonsmotstand
- Vaksne og born med diabetes
- Vaksne og born med kronisk nyre- eller leversvikt
- Vaksne og born med kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Vaksne og born med svært alvorleg fedme, dvs. BMI over 40 ( BMI = kg/m2)
- Gravide i 2. og 3. trimester
Ope for vaksinasjon v/Stord helsestasjon, Helsesenteret i Myro:
Torsdag 27. okt. 2011, kl. 08.30 - 15.00
Fredag 28. okt. 2011, kl. 08.30 - 15.00
Fredag 4. nov. 2011, kl. 08.30 - 15.00
Fredag 11. nov. 2011, kl. 12.00 - 15.00
Ope for vaksinasjon v/Sagvåg helsestasjon, “Blåbygget”:
Fredag 28. okt. 2011, kl. 08.30 - 15.00
Influensavaksina kostar kr. 150,-.
Pneumokokk vaksina kostar kr. 250,-
Nærare informasjon får de ved å kontakte Førebyggjande helsetenester v/leiande helsesøstre Hanne Robbestad, tlf. 53 49 69 85/975 52 049, eller Sigrun Helland, tlf. 53 40 33 90/957 76 434
Sjå ellers informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no