Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden

Av:  Stord kommune
Publisert:  13.11.2009
 
Oppdatert: 08.08.2011

Historikk

Historikk Hystad skule

1971: I november er det 38 år sidan første byggjesteg ved Hystad skule vart teken i bruk. 11. november 1971 flytta 2 førsteklassar og 2 andreklassar inn i Landskap I. Desse elevane hadde starta skuleåret sitt på Ormaberget på Rometveit.
1973: Elevtalet var sterkt aukande den gongen, og dette året fekk me ei Moelvenbrakke til klasserom. Den er ein del av klasseromma i Paviljongen og har også delvis vore nytta som base for ei SFO-avdeling.
1974/
1975:
Skulen var heilt sprengd: Undervisninga gjekk heil fram til kl. 15.45. Nokre klassetrinn starta undervisninga kl. 13.05 om dagen, og det var også undervisning på laurdagar. I Landskap I, eit areal på om lag 200m, var det
5 ½ klasse inne samstundes, og klassane var svært store: 25-28 elevar i kvar.
1975: Byggjesteg II: Landskap II og administrasjonsavdelinga vart teken i bruk denne hausten. Dette var ei stor lette, for me kunne då sleppa alle løysingane av mellombels karakter. Særleg glade var me for å kunna ta i bruk gymnastikksalen ved juletider same året, for kroppsøving hadde me hatt ute, i det eine tilfluktsrommet, i idrettshallen og på Langeland skule!
Symjeundervisninga hadde me i Idrettshallen på Vikahaugane. Me måtte springa frå Hystad skule, gjennom skogen ned til ”Combibutikken” ved sjukehuset for å ta buss til symjinga. Ved retur til skulen, var det ny springmarsj opp til skulen!
Mykje fysisk aktivitet, altså. Og alle var i veldig god form.
1978: Byggjesteg III: Paviljongen stod ferdig om hausten, og Moelvenbrakka vart innlemma i dette bygget. Det skulle vera ei mellombels løysing, men har vore permanent.
1979: Huset i skogen. Nok eit tilbygg for å letta trykket på det store elevtalet.
1993: Ny formingsavdeling under gymnastikksalen.
1994: Ombygging: Nytt arbeidsrom for lærarane.
1997: Valdaihuset, klasserom og fellesareal for 6.åringane ( 1.klasse/førskulen) og 2. klasse.
2007: Nybygg – Undervisningsareal for inntil 65 elevar.


Valdaihuset:

Sidan huset ligg på Valdai ved Valdaivegen, fann me det naturleg å kalla bygget for Valdaihuset. Mange har lurt på kor dette namnet har opphavet sitt, og etter ein del undersøkingar, har me fått følgjande forklaring frå museumskonservator Tore Lande Moe ved Sunnhordland Folkemuseum:
Valdai stammar frå dei russiske Valdajhøgdene – eit høgdedrag som dannar vasskiljet mellom Vest-Dvina, Volga og Ilmenbekkenet om lag midt mellom St. Petersburg og Moskva. Under Krimkrigen ( 1853 – 65 ) skal det her har gått føre seg ein del trefningar / kampar mellom ulike folkegrupper.
Prestevegen på Stord hadde også eit høgdedrag – eit ope lyngterreng like ved den tette granskogen ved Hystad skule. I den tida då det vart utdanna lærarar ved ” Seminariet” på Rommetveit, skal det ha kome til trefningar mellom stordabuar og ”seminaristar” oppe i dette lyngområdet. Om desse ”kampane” har vore av romantisk eller krigers art, skal vera noko uklart. Men sidan trefningane gjekk føre seg på eit høgdedrag, vart dette på folkemunne kalla Valdai, jfr. Krimkrigen.
Sidan har namnet levd vidare og etter kvart blitt eit slags munnleg kulturminne.
Når det nye bygget vart plassert midt i dette området ved Valdaivegen, kunne me ikkje finna eit meir passande namn, syntest me.
Me får tru at ”kampane” er ferdig utkjempa, og at den flotte naturen som ligg rundt Valdaihuset blir brukt til leik og andre utviklande aktivitetar.

Elevtalsutvikling:

Skulen var planlagd og vart bygd for 12 klassar, men frå 1971 til 1980 auka klassetalet frå 4 til 18 klassar. I 1993 var me nede i 12 klassar, og sidan har elev- og klassetalet auka. Den store toppen var skuleåret 2005-2006 med 454 elevar på det meste.
Elevtalet har gått både opp og ned, og skuleåret 2010-2011 kjem det til å gå litt ned før det går opp att.

Skuleår  Elevtal  Skuleår  Elevtal  Skuleår  Elevtal  Skuleår  Elevtal
- - 1980-1981 436  1990-1991  263  2000-2001  362
1971-1972  75  1981-1982   431 1991-1992  328  2001-2002  385
1972-1973  103  1982-1983  404  1992-1993  253  2002-2003  396
1973-1974  176  1983-1984  424  1993-1994  241  2003-2004  410
1974-1975  233  1984-1985  418  1994-1995   294 2004-2005  400
1975-1976  282  1985-1986  371  1995-1996   305 2005-2006  454
1976-1977   313 1986-1987   351 1996-1997  265  2006-2007  394
1977-1978  409 1987-1988   316 1997-1998   328 2007-2008  389
1978-1979  417  1988-1989  291  1998-1999  334  2008-2009  372
1979-1980  440  1989-1990   260 1999-2000   356 2009-2010  350

 

Kontakt Hystad skule

Telefon Hystad skule
53 40 96 30

Fax
53 40 96 31

E-postadresse
hystad.skule@stord.kommune.no

Rektor Liv Skjønberg
53 40 96 32
975 52 180
E-post: liv.skjonberg@stord.kommune.no

Ass rektor Pål Helland
53 40 96 33
975 52 172
E-post: pal.helland@stord.kommune.no

Hystad skule

Håvåsen 85
5416 Stord
Tlf: 53 40 96 30
E-post: hystad.skule@stord.kommune.no

Antal elevar: 327 (pr. 01.10.2010)
Antal tilsette: 43
Antal klassar: 16

Rektor
Liv skjønberg
Tlf: 53 40 96 32
Mob: 975 52 180
E-post: liv.skjonberg@stord.kommune.no

Ass rektor
Pål Helland
Tlf: 53 40 96 33
Mob: 975 52 172
E-post: pal.helland@stord.kommune.no