Prinsipp:
1. Konkrete læringsmål i norsk, matematikk og engelsk.
2. Planlegging med utgangspunkt i måla.
3. Bruk av vurderingskriterium (kjenneteikn).
4. Tilbakemeldingar og framovermeldingar til elevane.
Praktisk
- Arbeid med VFL i tysdagstid 1,5 t
- Praktisk gjennomføring
- Erfaringsdeling på tysdagstid
Forskrift i Opplæringslova frå 1. aug. 2009:
De viktigste endringene i den nye forskriften er at det er innført
• tydelige krav til en underveisvurdering som har læring som mål
• halvårsvurdering i hele grunnopplæringen for å styrke det systematiske vurderingsarbeidet. På 1.-7. trinn kan dette blant annet være et viktig verktøy for tidlig innsats.
• planmessig samtale med eleven minst hvert halvår også i grunnskolen
• tydelige krav til elevens medvirkning i vurderingsarbeidet i skolen
Utdrag frå lova:
§ 3-1. Rett til vurdering
Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa
Det skal vere kjent for eleven, lærlingen og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd.
§ 3-2. Formålet med vurdering
Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.
Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag.
Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.
§ 3-3. Grunnlaget for vurdering i fag
Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.
I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving i vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadene til eleven. I vidaregåande opplæring skal ikkje elevens føresetnader trekkjast inn i vurderinga i faget kroppsøving.
§ 3-4. Karakterar i fag mv
I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal det berre givast vurdering utan karakterar.
§ 3-6. Karakterar i orden og i åtferd
I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.
§ 3-8. Dialog om anna utvikling
Eleven har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren om sin utvikling i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.
§ 3-9. Kontakt med heimen i grunnskolen
Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.
Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga.
I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Det skal alltid sendast skriftleg melding når foreldra ikkje møter til samtale.
Når skolen eller heimen meiner det er formålstenleg, kan skriftleg melding nyttast i tillegg.