Av:
Stord kommune
Publisert:
13.11.2009
Oppdatert:
23.06.2011
ALLE SKULANE I STORD ER MED I SOL-PROSJEKTET.
SOL står for Systematisk Observasjon av Lesing.
Programmet er utvikla av Gjesdal kommune saman med Leseforskingssenteret i Stavanger, og det kan nyttast på alle trinn i grunnskulen.
SOL er eit observasjonsverktøy. I tillegg er det også ein kunnskapsbank og eit oppslagsverk både for den generelle undervisninga og for ”tetting av hol” hos den enkelte eleven. SOL gir ein oversikt over kvar eleven er i leseutviklinga si, og gir læraren betre føresetnad for å driva god og tilpassa leseopplæring.
Alle elevane skal ”solast” (kartleggjast med SOL) kontinuerleg. Resultata frå solinga skal bli formidla til elevane og dei føresette. Eleven, skulen og heimen får med dette informasjon og innsikt til å arbeida mot ein optimal leseutvikling.
Alle lærarane vil få opplæring i SOL gjennom dette skuleåret, og verktøyet skal nyttast i alle klassane frå hausten 2010.