Av:
Stord kommune
Publisert:
13.11.2009
Oppdatert:
04.01.2012
Betalingssatsar og betalingsreglar
Stord kommunestyre fastset kva dei føresette skal betala for barnet sitt opphald i skulefritidsordninga.
I samband med budsjetthandsaming har Kommunestyret/Komite for oppvekst og utdanning høve til å endra satsane/vedtektene i løpet av bruksåret.
Betalingssatsar frå 01.01.12, eksklusive leksehjelp:
- 100 % plass: Kr. 2 615,- pr. mnd
- 80 % plass: kr. 2 160,- pr. mnd
- 60 % plass: kr. 1 640,- pr. mnd
- 50 % plass: kr. 1 415,- pr. mnd
- Tilbodet om dagpris fall bort frå 1. august 2011.
Satsane over vert redusert med kr. 105,- pr. veketime eleven har leksehjelp medan han/ho er i skulefritidsordninga.
Betalingssatsane er ikkje gradert etter inntekt.
Ordninga gjev ikkje høve til søskenmoderasjon.
Det er høve til å ta ekstra betaling til mat utover melk til eit måltid pr.dag.
Det er høve til å ta ekstra betaling i samband med turar og utflukter.
Betalingsfrist
Stord kommunekasse sender ut rekning på opphaldsbetaling med betalingsfrist den 20. kvar mnd.
For sein betaling vil føra til morarente. Manglande betaling kan medføra oppseiing av plass.