Av:
Stord kommune
Publisert:
02.09.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Retningsliner for Hamna kontaktsenter
Kontaktsenteret er eit tilbod frå Stord kommune for alle som har eller har hatt det tøft psykisk.
- Me har tilbod om medlemsskap til alle aktuelle personar. Medlemsskapet er frivillig og utan tidsavgrensing. Dette gjeld ikkje når/i tider der personen utgjer eit alvorleg og aktuelt trugsmål mot den generelle tryggleiken i kontaktsenteret. Senteret har kontroll over inntaket av nye medlemer.
- Ordninga med medlemsskap er oppretta for å synleggjera at ein vil ta ansvar for å støtta einannan og medverka til korleis senteret vert drive.
- Målet vårt er å vera ein meiningsfull møteplass. Gjennom aktivitet og sosialt samvær ønskjer me å skapa inspirasjon og trivnad i kvar einskild sin kvardag.
- Medlemene velgjer sjølve korleis dei vil bruka dagen sin i huset og kva for medarbeidarar dei vil arbeida saman med. Det ligg ikkje føre nokon avtalar, kontraktar, rutinar eller reglar som er utarbeidde med føremål om å tvinga medlemer til deltaking.
- Ingen vert avviste på grunn av diagnose eller stor omsorgstrong. Det er kvar einskild som avgjer om kontaktsenteret er noko for dei eller ikkje. Alle medlemer er likeverdige. Livssituasjon og dagsform kan variera utan at dette har noko med kor verdifull ein er for kontaktsenteret.
- Senteret driv oppsøkande verksemd for å ta vare på medlemer som ikkje møter opp, som er i ferd med i bli isolerte i fellesskapen eller som vert innlagt på sjukehus osv. Nye mogelege medlemer får ekstra oppføljing etter deira ønskje og behov.
- Kontaktsenteret har som mål at alle møte skal vera opne for medlemer og medarbeidarar. Det skal ikkje førekoma formelle møte for berre medlemer eller berre medarbeidarar kor drifta av senteret vert diskutert.
- Ansvaret for drifta av huset ligg hos medlemer og medarbeidarar og i siste instans hjå dagleg leiar. Sentralt i dette ansvaret ligg det å engasjera medlemer og medarbeidarar i alle deler av drifta av huset.
- Medlemer har høve til å delta i alt arbeidet på senteret, inkludert administrasjon, medlemsinntak og introduksjon, oppføljing av medlemer, opplæring, evaluering av medarbeidarar og marknadsføring.
- Senteret held opne fóra og har rutinar som gjer det mogeleg at medlemer og medarbeidarar får delta aktivt i avgjerder, normalt ved konsensus (at ein diskuterer seg fram til eit felles standpunkt), når det gjeld leiing, utforming av målsetjingar og utvikling av senteret.
Vedteke på Kontaktmøte 15.10.2007