Av:
Åse Toskedal Koløen
Publisert:
15.10.2010
Oppdatert:
23.06.2011
Er me ein stad for deg?
Me er ein møteplass for menneske som har lyst til å komma seg ut og møta andre menneske . Hamna er eit lavterskeltilbod, det vil seie at du ikkje treng å ha ei psykisk liding eller henvisning for å komma hit. Om du sjølv meiner du treng Hamna Kontaktsenter er du hjarteleg velkommen!
Her kan du ete koselige måltid saman med andre, og elles drive med dei tinga som er viktige for deg! Sjå under tilbod/aktivitetar for nærare informasjon.
Brukarar og tilsette arbeider og driv senteret saman. Me trur på å hjelpe kvarandre, og tenke positive tankar! Me har lyst til å bidra med at menneske opplever personlig utvikling og får ei kjensle av meistring.
Synleg rusa personar har ikkje tilgjenge.