Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Tulipanar
Av:  Connie Liv Straume
Publisert:  06.06.2011 14:25
Foto: Connie Liv Straume
Oppdatert: 07.06.2011 09:20

Vart utfordra på Mindfulness-kurs

Hamna Kontaktsenter har vore på kurs og lært om korleis inngrodde overtydningar kan hindra effektiv kommunikasjon og personleg utvikling.

Frå januar til mai i år har Tove Thunes Semb frå Mølla Kompetansesenter i Bærum halde eit Mindfulness-kurs for 17 brukarar og tilsette fra Hamna Kontaktsenter og Lærings - og Mestringssenteret i Kvinnherad. Målet var å auka kompetansen til brukarar og tilsette.

Mindfulness handlar om å vera til stades i eige liv.Kurset har vore seminarbasert, 3 dagar per månad, deltakarar vart også delte inn i refleksjonsgupper med møte kvar veke.

Å avvikla overtydingar

Å jobba med gamle overtydingar gjekk som ein raud tråd gjennom heile kurset.

Me fekk høyra at mange av oss går ikring med inngrodde oppfatningar. På kurset vart me gjort merksame på at det er mogleg å avvikla slike ”utdaterte” overtydinga med nye overtydingar som er meir relevante for dagens erfaringar med livet.

Kursleiaren  peika på korleis overtydingane våre blir farga av fortida vår. Dei vert til dømes påverka av sjølvkjensle, mellommenneskelege relasjonar, mental helse, framgong, arbeidsevne og fysisk helse.

Kursleiaren klarte å engasjera deltakarane i gruppene og utfordra dei til å opna seg. Dette meinte deltalarane har ført til eit sterkt og godt samhold mellom dei som var med på kurset.

Deltakarne gav også uttrykk for at dei har lært mykkje om seg sjølv og korleis dei samspeler med andre personar.

– Eg er blitt flinkare til å ta livet som det kjem! uttalte ein deltakar etter endt kurs.

 

 

 

 

 

Nyttige lenker

Kva skjer?

Hamna kontaktsenter
Borggata 7
5417 Stord

hamnakontaktsenter@gmail.com

Tlf. 53 49 66 77

Hamna kontaktsenter høyrer til
Eining for
Sosial- og førebyggjande teneste

Nettredaktør: Åse T. Koløen