Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Ragnhild Storebø
Publisert:  07.11.2009
 
Oppdatert: 15.11.2011

Til nye føresette

1 Lov om barnehagar: § 20 Teieplikt
Dei som arbeider i barnehage har teieplikt om det dei får vita om nokon sine personlege forhold. Med dette meiner ein mellom anna opplysingar om fysisk og psykisk helse, familie- og heimeforhold, bustadforhold, økonomi eller klientforhold til det offentlege.
Barnehagepersonalet har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert misshandla i heimen, eller det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt.

2

Informasjon
De finn aktuell informasjon på barnehagen si heimeside. I tillegg vert informasjon sendt elektronisk til dei som ynskjer det, eller lagt i garderobehyllene til borna.

3 Oppstartsamtale
Føresette til nye born får tilbod om oppstartsamtale med pedagogisk leiar til barnet. Me utvekslar informasjon og forventingar. med meir

4 Dokumentasjon frå barnehagedagen
De finn skriftleg informasjon om kva borna har gjort i løpet av dagen i yttergarderobane.  

5 Sjukdom
Born som ikkje er friske no til å vera ute, er i hovedsak ikkje friske nok til å vera i barnehagen. Dersom barnet dykkar har særlege grunnar for å vera inne (  t.d. astma ),  ta kontakt med oss om det.

6 Medisinering i barnehage, skule og SFO
Det er i utgangspunktet føresette sitt ansvar å sørgja for at barnet får legemidlar på rett måte og til rett tid. Dersom legen har vurdert at føresette er i stand til å handtera legemidla, vil det i prinsippet innebera at også andre kan yta denne hjelpa under føresetnad av at dei får same informasjon og opplæring som føresette. Det er viktig at barnehagen drøftar og vurderer barnehagen sin kapasitet, og eventuel gjer skriftlege avtalar med føresette i høve medisinering.
Kommunelegen har utarbeida lokale retningslinjer for medisinering i barnehage. Han har også ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med å utarbeida prosedyrar for handtering av legemidlar i barnehagar, skular og SFO.  

7 Klede og merking av klede
For at barnehagedagen skal verta så god som mogeleg for barnet dykkar, er det viktig at det har høvelege kle til å leika i både inne og ute. Kleda bør til dømes ikkje vera for trange, og strikk i regnbuksa til å ha under støvlane, kan vera avgjerande om ein tur vert vellukka.

Det er viktig at borna har nok byttekle i barnehagen.

I barnehagen går det mange borna som har like kle, støvlar / sko, matboksar, med meir. Det er difor viktig å merka dette.

8 Garderoben
Føresette har ansvar for å halda orden i garderobehylla til sitt barn. Det er god hjelp for oss om de tek heim regnkle og dressar til kvar helg. Då får reinhaldar høva til å vaska litt grundigare i garderobane måndag morgon.   

9 Når barnet ikkje kjem i barnehagen
Me ynskjer melding når barnet er sjukt eller skal ha fri. De kan gjerne gje beskjeden som melding på mobiltelefonen til barnehagen på nummer
97 55 21 70 
 
10 Vedrørande frammøte
Me ynskjer at borna er komne i barnehagen til klokka 09.45 ( - om ikkje anna er avtalt ). Dette fordi me då fordeler oss i grupper og fordjupar oss i ulike aktivitetar.

Furuly barnehage
Olvikvegen 50A
5416 Stord

Finn oss på kartet 

E-post til Furuly barnehage:
trine.hellesfjord@stord.kommune.no

Telefon: 53 45 45 95
Mobil: 975 52 170

Ansvarleg redaktør: Trine Hellesfjord