Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  18.02.2010
 
Oppdatert: 15.11.2011

Om barnehagen

Furuly barnehage – Barnehagen med fokus på eit språkstimulerande miljø for alle

Furuly barnehage er ein kommunal barnehage, og ligg på Ådland. Barnehagen gjev tilbod til 40- 45 born.

Fleirkulturell barnehage

Furuly barnehage er ein fleirkulturell barnehage. Det vil seia at barnehagen har born og vaksne med forskjellig språkleg, religiøs og kulturell bakgrunn, med ulik norskkompetanse, ulikt syn på oppdraging av born og ulikt perspektiv på barn og barndom.

Mål

Leggja tilrette for at borna får utvikla talenta sine, og gjennom dei sterke sidene, styrkja evna til å møta utfordringar fagleg og sosialt. Utvikla eit fysisk og psykisk læringsmiljø med fokus på språkleg og sosial utvikling. Arbeida med prosjekt og tradisjonar som borna viser interesse for.

Miljøet 

Furuly barnehage ligg i eit flott skogsområde med tilgang på turar både til sjø og fjell. Det tek 5 minutter å gå frå barnehagen til Hystad skule og til Stord sjukehus. Barnehagen har eit stort uteområde med variert terreng med ballbane, klatrestativ, snikkarbu, med meir. Barnegruppene har faste turdagar kvar veke. Deler av dagen vel borna sjølv om dei vil vera inne eller ute og kva rom dei vil leika i.  

Opningstid

Klokka 06.45 - 16.15
Barnehagen har ope 11 månader i året. Han er feriestengt 4 veker i juli. Dei borna som treng tilbod desse vekene får det i Skogatufto barnehage. 

Barnegrupper

Maurtua: 0 - 2 år
Blå gruppe: 2 - 3 år
Grøn gruppe: 3 - 5 år 
Raud gruppe: 5 - 6 år

Pris og opphald

Her finn du informasjon om kva ein barnehageplass kostar, og opphaldstider?

Furuly barnehage
Olvikvegen 50A
5416 Stord

Finn oss på kartet 

E-post til Furuly barnehage:
trine.hellesfjord@stord.kommune.no

Telefon: 53 45 45 95
Mobil: 975 52 170

Ansvarleg redaktør: Trine Hellesfjord