Inntak av barn vert gjort ved den enkelte skulen, og Samarbeidsutvalet er godkjenningsinstans. SFO-gruppene har faste vedtekter og inntakskriteria er felles for skulane.
Hovudinntaket skjer om våren og gjeld for eitt skuleår, eller til plassen vert sagt opp. Ein må søkja på nytt for kvart skuleår.
Søknadsskjema skal ikkje brukast til endring av plass. Då må ein ta kontakt med den aktuelle skulen.
SFO er open ved skulefri mot ekstra betaling
Skulefritidsordningane har ope også dei dagane skulen har fri gjennom skuleåret.
Kjøp av enkeltdagar ved SFO
Det er også høve til å kjøpa enkeltdagar ved skulefritidsordninga utanom dei faste skuledagane, til dømes i haustferien. Dette gjeld også for barn som elles ikkje har plass i SFO.
Skjema for kjøp av enkeltdagar