Stuastølen gardsbarnehage er ein privat barnehage med utvida kristen formålsparagraf.
Vårt motto
Jesus seier: Lat dei små borna koma til meg, hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til.
Landleg, men sentralt
Stuastølen er eit unikt tilbod på Stord.
Barnehagen ligg idyllisk til, tett ved skogen på Stuva. Området er landleg, men likevel sentralt, 3,5 km frå Leirvik i retning Litlabø.
Dyr og dyrestell er ein naturleg del av kvardagen.
Borna kan få ri på hesten eller me kan ha kjerre, slik at fleire kan sitja på. Dette blir fantastisk kjekt når me skal på tur i skogen og kosa oss. I skogen har me lavu, der går det an å varma seg og koma i ly av regnet.
Ådlandsvatnet ligg ikkje langt unna. Her har barnehagen båt og me kan fiska og bada.
Om våren får sauene lam. Det er ei spennande og fin tid. Det er 31 sauer på garden.
Kaninene er kjekke å kosa med. Det er også høner på garden, som sjølvsagt legg egg, og som også ruger fram kyllingar. Det er ei hending me gler oss til.
Satsingsområde
Stuastølen gardsbarnehage har tre satsingsområde. Dei er:
- Opplæring i kristen tru
- Stell av dyr og nærleik til natur
- Språktrening
Målet for den kristne opplæringa er å gje borna ei trygg tru på ein god Gud.
Dyrestellet vil gje borna unike opplevingar og kjennskap til dyra sin kvardag og levesett. Her blir det viktig å læra borna å handsama dyra med respekt og kjærleik, samstundes som borna vil bli trygge i samvær med dyr.
Språktreninga skal gje borna eit godt grunnlag for seinare læring og mestring i skule og samfunn.
Song og musikk har ein sentral plass i kvardagen, både i samlingsstundene og når me tar fram instrumenta og har musikkbarnehage.
Me har 21 plassar i barnehagen. Det er fire tilsette, fordelt på tre heile stillingar.
Me har to måltid i barnehagen kvar dag; frukost kl. 0800 og lunsj kl. 1200. Me legg vinn på bordfellesskapet. Det trur me er viktig. Borna får ro rundt måltidet, kan eta godt og får viktig sosial trening.