Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  22.05.2009
 
Oppdatert: 28.01.2010

Vatn og avløp

Det er Stord vatn og avlaup KF som har eigaransvar for Stord kommune sin vassleveranse, leidningsnett og avløpsreinseanlegg. Føretaket utfører drift og vedlikehaldsarbeidet.

Tenestene er fullt ut finansiert med eigedomsavgifter

Vatn


Drikkevatn

Les om drikkevatn – produksjon og kvalitet

Leidningsnettet

Innbyggjarar i Stord kommune har i utgangspunktet rikeleg tilgang på råvatn frå Tysevatnet. Men grunna kapasiteten på leidningsnettet, kan det likevel oppstå tilhøve som krev restriksjonar på vassforbruket, t.d. i tørkeperiodar med mykje hagevatning.

Avløp

Som avløpsabonnent hos Stord kommune er du sikra at avløpsvatnet vert leia bort på ein hygienisk trygg måte, og at kommunen driv avløpsanlegga i tråd med gjeldande utsleppsløyve.

Den enkelte abonnent har ansvar for å halda eigne stikkleidningar i orden, og skal også sjå til at det ikkje kjem miljøfarleg avfall eller anna stoff i leidningsnettet som kan hindra ei effektiv reinsing i samsvar med gjeldande miljøkrav. Sjå eige sanitærreglement.


Bruk ikkje avløpsnettet som søppelbøtte
Vi ber alle om å ikkje bruka avløpet til å kvitta seg med måling, kjemikaliar eller olje. I spillvassrøyret skal det berre gå vatn frå sluk, vask og sanitærinstallasjonar inne i huset. Regnvatn går i eige overvassrøyr og blir sleppt ut i nærliggjande bekk, elv eller sjø. I enkelte område med gammal bebyggelse går spillvatn og overvatn i eit felles avløpssystem.

  • Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, tynner, maling/beis, hobbykjemikaliar som fotovæske, fargestoff og kontaktlim skal ikkje hellast i vasken eller i toalettet. Spesialavfall skal samlast opp og leverast på miljøstasjonen i ditt nærområde.

  • Søppel som Q-tips, bind, bleier, bomull, klutar, pussegarn m.m. skal ikkje kastast i toalettet, men i søppeldunken.

  • Tørkepapir må ikkje i toalettet, då det ikkje løyser seg opp og skapar problem på pumpestasjonane. Kast tørkepapir i søppeldunken.

 

Aktuelle einingar

Ekstern informasjon

Meld inn driftsproblem

Feil på vass- og avløpsnett

For å melda inn problem på vass- og avløpsnettet kan du fylla inn meldeskjema eller kontakta Kundetorget.  

Gå til meldeskjema


Kundetorget
Telefon:
53 49 66 00
E-post: kundetorget@stord.kommune.no


Hastemelding etter kl. 15.00 og helg
Ring vakttelefon 97 55 22 22 

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2

Postboks 304
5402 Stord

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no

Kultur- og verdiplakat 

Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914
Fairtrade-logo

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM