Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 16.12.2010 10:39:27
Oppdatert: 07.02.2012

Utsleppsløyve

Eigar pliktar å søkje den kommunale forureiningsetaten om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande med utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Søknadsplikta gjeld så snart det er innlagt vatn.
Med avløpsvatn forstår vi avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn).

Med innlagt vatn forstår vi vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning.

Med gråvatn er meint avløpsvatn frå vask og dusj. Med svartvatn er meint avløpsvatn frå vassklosett.

Målgruppe

Dei som bur i og er brukarar av bustader, institusjonar, campingplassar, hotell, næringsbygg og fritidsbustader som ikkje kan tilknytast offentleg avløpsanlegg.

Vilkår

Standardvilkåra går fram av forureiningsforskrifta. Vilkår kan også gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygd og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Samarbeidspartnarar

Nærståande tenester

Rettleiing

Kommunen gir rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysningane:

om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i ”Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar”, eller om det blir søkt om fritak for krava plassering av avløpsanlegg og usleppstad på kart interesser som ein reknar med blir påverka av etableringa.

Partar og andre som i særleg grad vil bli påverka av saka, skal varslast om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart mottatt. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket.

I klagen skal ein få fram kva ein ønskjer å endre i vedtaket og grunngi dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling. Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Annan informasjon

Søkeord

utslepp, løyve, vatn, avløp, forureining, kloakk, sanitær, brønn, sisterne, gråvatn, utløp, miljø

Aktuelle einingar

Ekstern informasjon

Kontakt Stord kommune

Sentralbord / fax: 53 49 66 00 / 01

E-post: post@stord.kommune.no

Nettprat med kundetorget (9-15)

Kundetorget i rådhuset er ope

08:00-15:30

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM