Hopp til hovedmeny Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til kontaktinformasjon Forsiden
Ungdom i samtale med helsesøster.
Av:  Stord kommune
Publisert:  25.02.2009
Innhold sist oppdatert: 24.01.2012 11:18:18
Oppdatert: 07.02.2012

Skulehelsetenesta

Tenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar. Når det trengst, kan tilvising vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller ein spesialist gjerast. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.

Korleis jobbar skulehelsetenesta?

Elevane kan få undersøking og samtale med lege eller helsesøster. Både eleven sjølv, føresette, lærarar eller andre kan ta initiativ til dette. Ein treng ikkje timeavtale for å ta kontakt. Enkeltelevar kan få tilbod om særskilt oppfølging, med støttesamtaler, kartlegging av vanskar osv. Tilvising til spesialisthelsetenesta skjer oftast gjennom fastlege, men skulehelsetenesta kan hjelpe til med å vurdere behovet, og samarbeider ofte med fastlegane når tilvising er aktuelt. 

Helsesøster og skulelege har gruppe- eller klasseretta aktivitetar, t.d. om tema som pubertet (barneskulen), sex og samliv (ungdomsskulen) eller psykisk helse (ungdomsskulen).

Alle elevar i grunnskulen får tilbod om vaksinasjon etter nasjonalt vaksinasjonsprogram.

Målgruppe

Skuleelevar under 20 år 

Vilkår

Tenesta er gratis.

Kontakt med skulehelsetenesta er frivillig.

Samarbeidspartnarar

Helsesøster og skulelege har teieplikt, men vil ofte ha behov for samarbeid rundt enkeltelevar. Me samarbeider tett med foreldre og skule, og med ulike kommunale- og eksterne hjelpeinstansar. Samarbeid rundt namngjevne elevar skjer etter samtykke frå foreldre/evt. berre frå eleven sjølv.    

Nærståande tenester

Rettleiing

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Klage på manglande helsehjelp

  • Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklage dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
  • I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
  • Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Held kommunen oppe avgjersla si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Klage på manglande utføring av helsehjelp

  • Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan løysast på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon Førebyggande helsetenester:
Leiande helsesøster: Else Berit Støle
Tlf.: 53 49 69 84 
Fax: 53 49 69 07 
E-post: else.berit.stole@stord.kommune.no
Besøksadr.: Lønningsåsen 9B, Leirvik, 5417 Stord
Postadr.: Postboks 323, 5402 Stord
Opningstid: 08.15 - 15.30

Annan informasjon

www.helsetilsynet.no - Uavhengig tilsynsmyndighet for helse- og sosialtenester
www.fylkesmannen.no - Tilsynsmyndighet for helsetenesta og helsepersonell
www.odin.no - Informasjon frå regjeringa og departementa
www.folkehelsa.no - Nasjonalt folkehelseinstitutt

Søkeord

barn, ungdom, skule, vidaregåande, elevar, helse, teneste, råd, rettleiing, vaksinasjon, undersøkjing, prevensjon, sjukdom, fysioterapi, barnevern, ppt, pedagogisk-psykologisk

Kontaktinformasjon

Kvar finn ein skulehelsetenesta?

Helsesøster på "din skule" har ein eller fleire faste dagar ved eige kontor på skulen. Ekspedisjonen på skulen kan opplyse kva tid du treff henne der, evt. korleis du kan nå henne på telefon.

Er det vanskar med å finna helsesøster, kan ein ringja:

Stord helsestasjon i Myro på Leirvik
tlf. nr. 53 49 69 85
Sagvåg helsestasjon i Blåbygget
Tlf. 53 49 68 54
Nordbygdo helsestasjon, Kleivane 33
Tlf. 53 45 44 10 

Leiande helsesøster Sigrun Helland

Tlf. 53 40 33 90 eller 957 76 434

Fax: 53 49 69 07

E-post: sigrun.helland@stord.kommune.no

Stord kommune
Rådhuset, Borggata 2
Postboks 304
5402 Stord
Kontonummer: 6519 05 13070
Kommunenr. 1221
Org.nr: 939866914

Telefon: 53 49 66 00
Telefaks: 53 49 66 01
E-post: post@stord.kommune.no
Organisasjonskart - adm
Kultur- og verdiplakat

Fairtrade-logo Miljøfyrtårn-logo

 

Nettstadkart

Ansvarlig redaktør: Magnus Mjør
Nettredaktør: Nina Sørli
Teknisk ansvarlig: Leif-Arne Helland


Utvikla i samarbeid med: Sem & Stenersen PROKOM