Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Oppdatert:
26.09.2011
Ein reguleringsplan blir utarbeidd for å visa utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde, bygningar og det ytre miljøet i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatta eitt eller fleire føremål, til dømes byggjeområde, landbruksområde, offentlege trafikkområde, friområde m.m.
Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttala seg når planen blir utarbeidd, og kan klaga på vedtaket i kommunen av planen.
Reguleringsplanar kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering. I informasjonsboks til høgre vil du finna meir informasjon om reguleringsplanar.
I Stord kommune er det eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO)som står for utarbeiding av kommunen sine eigne reguleringsplanar, og førebur handsaming av eigne planar og planar som er fremja av private.
Når private skal utarbeida reguleringsplan, skal planspørsmålet leggjast fram for planmynde i kommunen (RBO) i eit oppstartsmøte (pbl §12-8).
Planregister - Arkiv over regulerings- og utbyggingsplanar
-
Fonnakart - Her finn du Stord kommune sitt planregister over både reguleringsplanar under arbeid, og vedtekne reguleringsplanar og utbyggingsplanar.
Hjelp til å finna fram på linken under.
- Søkehjelp for kartportalen
Skjema