- Kunnskapsprøve om alkohollova: Kr. 300
- Skjenkeløyve, tidsavgrensa: Kr. 250
- Skjenkeløyve for øl, vin og brennevin: Min. kr. 3 500
- Salsløyve for øl: Min. kr. 1 200
- Servering, etablerarprøve: Kr. 300
- Serveringsløyve, søknad om: Ikkje gebyr
Stortinget har fastsett maksimalpris for heiltidstilbod i barnehage (41 t/v og meir). Maksimalprisen er sett til kr. 2 330 per månad og kr. 25 630 per år.
Deltidstilbod, og prisen for desse, er fastsett av kommunen.
Det er høve til å ta ekstra betaling for matservering.
Betalingssatsar for plass i Stord kommune sine barnehagar
- 17 timar per veke: Kr. 980 per månad
- 25 timar per veke: Kr. 1 540 per månad
- 33 timar per veke: Kr. 2 050 per månad
- 41 timar og meir per veke: Kr. 2 330 per månad
Søskenmoderasjon
Stortinget har vedteke nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon
frå og med søsken nummer to og 50% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer tre. Dersom søsken går i ulike barnehagar i Stord kommune (t.d. privat og kommunal) gjeld same reglar for søskenmoderasjon.
Spesialpedagogisk hjelp
Spesialpedagogisk hjelp som vert gjeven etter § 5-7 i Opplæringslova skal det ikkje betalast for. Fråtrekk i opphaldsbetalinga vert gjort med kr. 15 per time, jfr. vedtak. Ordninga gjeld for foreldre med barn i privat og kommunal barnehage.
Økonomisk støtte
Foreldre med låg betalingsevne kan søkja om økonomisk støtte til barnehageplass. Det er særskilde retningsliner for dette. Les meir om å søkja økonomisk støtte til barnehageplass her.
Andre opplysningar:
- Rekning på barnehageplass vert sendt ut frå Stord kommunekasse, med betalingsfrist den 20. i kvar månad. Det skal betalast for 11 månader. Juli er betalingsfri. Private barnehagar fakturerer sjølv.
- Fråtrekk for langvarig og alvorleg sjukdom hos barn kan søkjast om til leiar i barnehagen der barnet går. Leiar/styrar gjer vedtak i saka etter ei samla vurdering av situasjonen. Vedtaket kan klagast på, jfr. Forvaltningslova.
- Dersom barnehagen har ledig tid, er det høve til å kjøpa einskildtimar i tillegg til fast avtalt tid. Leiar/styrar i den einskilde barnehage avgjer dette ved spørsmål frå foreldre. Ekstratimar kostar kr. 15,- per time.
- Brukarar som ikkje overheld avtalt opphaldstid/opningstid får først varsel frå leiar/styrar i barnehagen. Ved gjentak av misleghald, må det betalast ein pris på kr. 100 per påbegynt halvtime.
- Barna må ha nistepakkar med seg i barnehagen. Drikke får dei til måltida. For familiebarnehagar gjeld særskilde tariffesta reglar.
Gebyrregulativ
§ 1 Generelt
§ 1.1 Grunnlag
Der det ikkje framgår anna utgjer utrekningsgrunnlaget for gebyret bruksareal, BRA, i samsvar med NS 3940, med dei tillempingane som fylgjer av registreringsinstruks til GAB, avrunda nedover til næraste m².
Det vert rekna bruksareal av alle etasjar. Der det ikkje framgår anna utgjer byggegebyret summen av gebyr for alle etasjar.
For meldingssaker etter §§ 81, 85 og 86a vert bruksareal (BRA) i samsvar med NS 3940 lagt til grunn for arealutrekninga. For overdekka areal (bygg eller deler av bygg som manglar vegger), vert bebygd areal (BYA) lagt til grunn for arealutrekninga
I tillegg til byggegebyr reknast gebyr for andre tenester som er knytt til søknaden, slik det går fram av dette gebyr.
Når søknad om løyve også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg, vert det normalt ikkje fastsett gebyr for riving.
Ved tilbygg/påbygg som takoverbygg, karnapp, terrassar, takterrassar, utviding av eksisterande terrassar og andre tiltak som fører til utviding av arealet, vert samla tilleggsareal lagt til grunn for gebyret.
§ 1.2 Dispensasjon etter plan- og bygningslova § 7
For søknad etter § 93, unnateke pkt. b, d. e og g, som krev dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag og for andre forhold som krev dispensasjon etter § 7, vert det fastsett eit gebyr på kr. 4.800,-.
Gebyr for dispensasjon kjem i tillegg til gebyr i bygge- og delesaker etter §§ 2 – 14 og 22.
§ 1.3 Stegvis handsaming etter § 95a
Etter § 95a kan søknader delast opp i 2 trinn – kvar for seg i rammeløyve og løyve til igangsetting. Dersom det er ønskje å dele løyve til igangsetting opp i meir enn 2 trinn, vert det for kvart ekstra trinn rekna gebyr på kr. 1.800,-.
§ 1.4 Redusert gebyr
Når særlege grunnar tilseier det, kan kommunen etter søknad heilt eller delvis gje fritak for betaling av gebyr til kommunen i ei konkret sak.
Dette kan vere aktuelt i samband med t.d. mindre rehabiliteringsprosjekt som fører til betring av miljøet (tilbakeføring av fasade og liknande). Personlege/sosiale forhold som økonomi og helsetilstand reknast ikkje som særlege grunnar.
§ 1.5 Igangsetting og teke i bruk utan løyve
Ved igangsetting av arbeid før det ligg føre løyve, vert det ilagt eit tilleggsgebyr tilsvarande 100 % av ordinært byggegebyr. Dette gjeld og i saker med avslag.
Dersom eit tiltak vert teke i bruk før det er gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest, vert det gjeve eit tilleggsgebyr på kr. 3.075,-
§ 1.6 Endring av tiltak (revisjonar)
Dersom endring av tiltak fører til vesentleg endring av gebyrgrunnlaget, vert det fastsett nytt gebyr for heile tiltaket, med eventuell refusjon, som går fram av § 1.10. Til dømes: endring av areal, tal på bueiningar og liknande.
Ved mindre revisjon som krev nabovarsling, vert det eit gebyr på kr. 4.230,-.
Ved mindre revisjon som ikkje krev nabovarsling, eller det ligg føre aktiv nabovarsling, vert det eit gebyr på kr. 3.200,-.
Gebyr for mindre revisjon skal ikkje overstige gebyr for ny søknad/melding.
§ 1.7 Fornying av søknad
Ved fornying av søknad før bortfall av løyve (der søknadsgrunnlaget er uendra) betalast 50% av ny søknad.
Minimumsgebyr kr. 3.590,-.
Maksimumsgebyr kr.68.000,-.
Ved fornya søknad etter bortfall av løyve i samsvar med Plan- og bygningslova § 96 1. ledd, betalast fullt gebyr som for ny sak.
§ 1.8 Ferdigattest på eldre saker
For utferding av ferdigattest for tiltak der det er gått meir enn 6 år etter at byggeløyve/løyve til igangsetting er gjeve, eller meir enn 2 år etter at det er gjeve mellombels bruksløyve for heile tiltaket, betalast eit gebyr på kr. 2.215,-
§ 1.9 Tillegg p.g.a. mangelfull søknad
Sakshandsamingsgebyr under §§ 2 – 16 og 22 vert auka med 20% i saker der det vert meirarbeid på grunn av mangelfull søknad. Det vil seia saker der det må skrivast brev til ansvarleg søkjar/tiltakshavar/ heimelshavar om tilleggsdokumentasjon. Dette gjeld også saker der det vil vere naudsynt med synfaring eller særskilde møter før søknaden kan handsamast.
Ved manglar i førespurnad om mellombels bruksløyve/ferdigattest der det må skrivast brev vert det fastsett eit gebyr på kr. 2.215,-
§ 2 Meldingssaker etter § 81, § 85, § 86a
§ 2.1 Tiltak etter § 81 driftsbygningar i landbruket
Driftsbygningar 0 – 200 m2 kr. 4.350,-
Driftsbygningar over 200 m2 som for næringsbygg.
§ 2.2 Tiltak etter § 85
Mellombels eller transportable bygningar, konstruksjonar og anlegg, til dette høyrer campingvogner, telt, tivoli, sirkus m.m. og innretningar for uteservering kr. 4.230,-
Ved gjentatt handsaming (t.d. årlege tivoli, uteservering m.m.) kr. 2.215,-
Mellombels brakkerigg, lager-/industrihaller inkl. tilbygg til desse med areal over 100 m² reknast 50% av gebyr for næringsbygg (§ 6).
§ 2.3 Tiltak etter § 86a
Melding om mindre byggjearbeid vert redusert med 25%, der meldinga er godt dokumentert og ikkje krev ekstra opplysningar. Det vil seia saker der det ikkje er naudsynt å skrive brev til tiltakshavar om tilleggsdokumentasjon.
Mindre byggjearbeid/tiltak på bebygd eigedom (jf. § 9 i SAK):
0 – 15 m² kr. 3.540,-
16 – 30 m² kr. 5.350,-
31 – 50 m² kr. 7.160,-
51 – 70 m² kr. 8.980,-
Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel kr. 4.230,-
Skilt, reklameinnretning og liknande kr. 5.350,-
Antennesystem med høgde inntil 5 m. kr. 5.350,-
§ 2.4 Manglande tilbakemelding
For tiltak godkjent i samsvar med Pbl. § 86a (mindre byggearbeid), som krev oppdatering av offentlege kart, skal tiltakshavar gje tilbakemelding seinast 4 veker etter at tiltaket er teke i bruk. Oppfølging vedk. manglande tilbakemelding fører til eit tilleggsgebyr på kr. 1.030,-
§ 3 Nye bueiningar (søknadspliktig tiltak etter § 93a)
§ 3.1 For 1. bueining kr. 16.060,-
§ 3.2 Deretter pr. bueining over 50 m² kr. 7.160,-
§ 3.3 Deretter pr. bueiningar under 50 m² kr 5.350,-
§ 3.4 Hyblar (enkeltrom m/felles bad, etc.), campinghytter pr. eining. kr. 5.350,-
§ 3.5 Fritidsbustader/hytte kr. 13.040,-
§ 3.6 For institusjonar/omsorgsbustader m.m. med eigne bueiningar, vert fellesareal rekna som for næringsbygg og bueiningane som bustad.
§ 4 Tilbygg/påbygg til bustader, fritidsbustader/hytte (§ 93a)
§ 4.1 0 - 15 m² kr. 3.540,-
§ 4.2 16 - 30 m² kr. 5.350,-
§ 4.3 31 - 50 m² kr. 7.160,-
§ 4.4 51 - 70 m² kr. 8.980,-
§ 4.5 71 - 100 m² kr. 10.700,-
§ 4.6 Over 100 m² kr. 14.300,-
§ 4.7 Innreiing av loft/kjellar som tilleggsrom til eksisterande bueining kr. 6.370,-
§ 5 Garasjar/naust/uthus (§ 93a)
Der garasje inngår som eigen del av bygning(ar) (bustad/kontor m.m.) vert det fastsett separat gebyr etter denne paragraf.
§ 5.1 0 - 15 m² kr. 3540,-
§ 5.2 16 - 30 m² kr. 5.350,-
§ 5.3 31 - 50 m² kr. 7.160,-
§ 5.4 51 - 70 m² kr. 8.980,-
§ 5.5 Over 70 m² som for næringsbygg
§ 6 Næringsbygg (erverv) (§ 93a)
§ 6.1 0 - 70 m² kr. 12.520,-
§ 6.2 71 - 150 m² kr. 17.900,-
§ 6.3 151 - 300 m² kr. 26.800,-
§ 6.4 301 - 500 m² kr. 35.850,-
§ 6.5 501 - 800 m² kr. 44.650,-
§ 6.6 801 - 1000 m² kr. 54.120,-
§ 6.7 For areal over 1000 m² vert det rekna eit gebyr på kr. 50,- pr. m² BRA. Gebyret må likevel ikkje overstige kr. 600.000,-.
§ 6.8 For stativhallar, overtrykkshallar, skur og veksthus, reknast 50 % av
gebyr som for næringsbygg (erverv).
§ 6.9 For innreiing av råbygg reknast 25% av gebyr for næringsbygg (erverv).
§ 6.10 Innretning for uteservering kr. 9.040,-
§ 7 Konstruksjonar eller anlegg (§ 93a)
§ 7.1 Mindre anlegg kr. 5.350,-
§ 7.2 Større anlegg kr. 10.700,-
§ 7.3 Kommunaltekniske anlegg i grunnen (VA-anlegg) kr. 10.700,-
§ 7.4 Idretts-/sportsanlegg utan bygning/tribune t.d. fotball-, skeisebane o.l. kr. 12.550,-. Nærmiljøanlegg m/offentleg stønad er unnateke for gebyr. Forstøttingsmur går under § 12.
§ 8 Fasadeendring – vesentlege reparasjonar o.l. (§ 93b)
Fasadeendring omfattar m.a. endring av vindauge, kledningsmateriale og taktekking, takoverbygg, karnapp, ark, takterrasse m.m.
§ 8.1 Småhus (frittliggjande einebustader, tomannsbustader, rekkehus,
småhus i grupper) pr. fasade kr. 3.540,-. Innsetjing av dør/vindauge inntil 2 m² og minimum 4 meter frå nabogrense vert friteke for gebyr.
§ 8.2 Større bygningar pr. fasade kr. 7.160,-
§ 8.3 Ved vesentleg endringar av planløysing, til dette høyrer og hovudombygging vert det eit gebyr på 50% av byggegebyr som for nybygg.
§ 9 Bruksendring (§ 93c)
§ 9.1 For bruksendring betalast 25% av byggegebyr som gjeld for næringsbygg (§6).
§ 9.2 For bruksendring frå anna føremål til bustad betalast etter § 3.
§ 9.4 Fører bruksendring og til søknadspliktig arbeid, som handsamast i same søknad, vert gebyret rekna ut i samsvar med § 8.3 i regulativet.
§ 10 Rivingssaker (§ 93 d)
§ 10.1 0 - 50 m² kr. 1.810,-
§ 10.2 51 - 200 m² kr. 5.350,-
§ 10.3 201 - 1000 m² kr. 7.920,-
§ 10.4 Over 1000 m² kr. 11.560,-
Når søknad om tiltak også inneheld søknad om riving for oppføring av erstatningsbygg på same staden, vert det ikkje tekegebyr for riving.
§ 11 Oppdeling/samanføying av brukseining i bustad m.m.
(§ 93f) Kr. 10.600,-
§ 12 Innhegning mot veg/skilt og reklame og liknande(§ 93g)
§ 12.1 Innhegning mot veg/skjermvegg/levegg kr. 3.540,-
§ 12.2 Forstøttingsmur under 2,5m høgde. kr. 5.350,-
§ 12.4 Forstøttingsmur over 2,5m høgde kr. 8980,-
§ 12.5 Skilt/reklame kr. 5.350,-
§ 13 Vesentlege terrenginngrep/utfylling (§ 93i) Kr. 10.700,-
§ 14 Anlegg av veg eller parkeringsplass (§ 93j)
§ 14.1 Mindre parkeringsplassar på planert terreng (inntil 10 bilar) kr. 5.350,-
§ 14.2 Større parkeringsplassar kr. 10.700,-
§ 14.3 Parkering på eller i bygning, parkeringshus/anlegg som § 6 i regulativet.
§ 14.4 Gangbru/kulvert og liknande kr. 7.160,-
§ 14.5 Køyrebru/kulvert og liknande kr. 14.330,-
§ 14.6 Veganlegg, til dette høyrer og gangveg/kulvert og liknande kr. 10.700,-
§ 14.7 For tiltak som ikkje er avklart i plan vedk. § 14.6 betalast 50% i tillegg.
§ 14.8 Ny avkjørsel kr. 5.350,-
§ 15 Separate søknader om bygningstekniske installasjonar (§ 93e)
§ 15.1 Piper og eldstader pr. stk. kr. 1.480,-
§ 15.2 Sanitæranlegg, innreiing av våtrom kr. 1.810,-
§ 15.3 Varmeanlegg kr. 2.510,-
§ 15.4 Ventilasjonsanlegg kr. 5.350,-
§ 15.5 Kuldeanlegg og varmepumper kr. 2.510,-
§ 15.6 Automatisk brannvarslingsanlegg kr. 2.510,-
§ 15.7 Automatisk brannsløkkingsanlegg kr. 2.510,-
§ 15.8 Felles VA-anlegg i grunnen kr. 8.980,-
§ 15.9 Heis, rulletrapper, rullande fortau, rulleband o. l. som er søknadpliktig
etter pbl. kr. 3.540,-
§ 16 Diverse tiltak
§ 16.1. For arbeid som ikkje kan bereknast etter ovannemnde satsar, her medrekna mellom anna innreiing av loft/kjellar i småhus, antenneanlegg, mobilstasjon, basseng, busskur, rømmingstrapper, lekeplassar, ballbingar, fotballplassar, brettrampar, sykkelbanar, endring av takkonstruksjon (som ikkje fører til auke i målverdig areal) m.m., betalast kr. 5.350,-
§ 17 Førehandskonferanse (§ 93 a)
§ 17.1 Søknadspliktig tiltak (§ 93) kr. 3.280,-
§ 18 Godkjenning av føretak/ansvarsrett
§ 18.1 Lokal godkjenning av føretak med ansvarsrett kr. 2.680,-
§ 18.2 Godkjenning av ansvarsrett når det ligg føre sentral eller lokal godkjenning kr. 530,-
§ 19 Gebyr for handsaming av planar for avfallsdisponering, etter avfallsforskrifta
Overføring, tilbygging, påbygging, underbygging over 300 m2 bruksareal (§15-2 a), rehabilitering for tiltak over 100 m2 bruksareal (§15-2 b), riving av bygning eller del av bygning over 100 m2 bruksareal (§15-2 c) og oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, rehabilitering eller riving av konstruksjonar og anlegg dersom tiltaket genererer over 10 tonn bygge- og rivingsavfall (§15-2 d) kr. 2.000,-
§ 20 Gebyr for handsaming av søknad om utslepp frå mindre avløpsanlegg.
Gebyr for handsaming av saker etter lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Stord kommune kr. 7.000,-
§ 21 Avvikshandsaming
Ved avdekking av avvik i byggeprosjekt ved kommunen sitt byggetilsyn, vert det for kvart einskild avvik der det vert utarbeidd avviksrapport fastsett eit gebyr på kr. 1.500,-
Gebyr for handsaming
§ 22.1 For søknad om frådeling av første parsellen der grensene er i samsvar med fastsette føremålsliner/eigedomsgrenser i reguleringsplan, utbyggingsplan eller tomtedelingsplanplan kr. 4.300,-
§ 22.2 Frådeling av kvar av dei påfølgjande parsellane innanfor krav i § 22.1 kr. 740,-
§ 22.3 For søknad om deling av første parsellen i regulert område der føremålsliner/eigedomsgrenser ikkje framgår av fastsett plan kr. 6.770,-
§ 22.4 Frådeling av kvar av dei påfølgjande parsellane innanfor krav i § 22.3 kr. 2.090,-
§ 22.5 For søknad om deling av første parsellen i uregulert område kr. 9.590,-
§ 22.6 Frådeling av kvar av dei påfølgjande parsellane innanfor krav i § 22.5 kr. 5.720,-
§ 22.7 For søknad som gjeld tilleggsparsell/arrondering, små grunnstykke til garasjar, parkering o.l. kr. 2.460,-
Bustader
Feieavgift og tilsyn per hus per år (maks 2 piper): Kr. 390,-
Industri/forretningsbygg
Feieavgift: Kr. 490,-
Anna arbeid/feiing etter medgått tid: Kr. 380,- per time.
Meirverdiavgift kjem i tillegg
Hamneavgift
Avgiftsregulativet byggjer på Hamnelova sine §§ 21 -24 samt dei forskrifter som Fiskeridepartementet har knytta til Hamnelova sin avgiftsdel. Prisane er eksklusiv meirverdigavgift. Norskregistrerte farty skal betala meirverdigavgift frå 01.01.07. Hamneavgifter i samsvar med lov om hamner og farvatn m.m. av 8.juni 1984 nr. 51.
Last ned dokumentet Hamneavgift
Båtplass i småbåthamna og ved gjestebryggene
Leirvik småbåthamn
| Storleik på båten |
Halvår |
År |
|
Under 20 fot |
kr. 1784,- |
kr. 3568,- |
F.o.m. 21 til 25 fot
|
kr. 2408,- |
kr. 4815,- |
F.o.m. 26 til 30 fot
|
kr. 3116,- |
kr. 6232,- |
| Over 30 fot (pr. fot) |
kr. 155,- |
kr. 311,- |
Vinteropplag på land
| Storleik på båten |
Halvår |
| Under 20 fot |
kr. 441,-
|
F.o.m. 21 til 25 fot
|
kr. 606,-
|
| F.o.m. 26 til 30 fot |
kr. 772,-
|
| Over 30 fot (pr. fot) |
kr. 109,-
|
Korttidsleige for båtar
| Storleik på båten |
Plassavgift |
| Under 14 fot |
kr. 184,- pr. mnd. |
| Frå 14 til 20 fot |
kr. 369,- pr. mnd |
| Frå 20 til 25 fot |
kr. 457,- pr. mnd. |
| Frå 25 til 30 fot |
kr. 551,- pr. mnd |
| Frå 30 til 40 fot |
kr. 735,- pr. mnd |
| Frå 40 til 50 fot |
kr. 920,- pr. mnd |
| Frå 50 til 70 fot |
kr. 1103,- pr. mnd. |
| Over 70 fot |
Etter avtale |
- Straum Kr. 1.50 pr. kw.t + moms
- Leige minimum 1 mnd.
- Korttidsleige er frå 1 oktober til 1 mai
- Frå 1 mai til 1 oktober Kr. 150,- opp til 35 fot og kr.200,- for båtar over 35 fot pr. døgn inkl. straum
Frå 1 mai til 1 oktober
- Båt opptil 35 fot: kr. 150,- per overnatting
- Båtar over 35 fot: kr. 200,- per overnatting.
Bruk av serviceanlegget på Notahaugskaien og tilkopling til straum er inkludert i kaiavgifta. Betaling på automat. Utanom sesongen kan serviceanlegget opnast etter avtale.
Helse, omsorg. rehabilitering
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Eigenbetaling per mnd/time f.o.m. 01.01.2010
|
Husstanden si nettoinntekt |
Abonnement |
Timepris |
|
Inntil 2G |
160,- |
- |
| 2G - 3G |
654,- |
109,- |
| 3G - 4G |
1 050,- |
175,- |
| Over 4G |
1 566,- |
261,- |
(1 G = kr. 72 881,- per 01.05.2009)
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 160 per mnd., uansett timetal.
Mottek brukar 6 t/mnd eller meir, betalar ein abonnement. For mindre enn 6 t/mnd skal det betalast timepris. Ingen tenester skal kosta over kr. 261,00 per time. Tidsforbruket vert runda av til næraste halve time.
Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som mottek hjelp, vil innntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er barnet som mottek hjelpa.
Tryggleiksalarm
Eigenbetaling for leige:
kr. 184,- per mnd inkl. installering/avinstallering
Dagtilbod for personar med demens
Eigenbetaling kr. 100,- per dag.
Knutsaåsen omsorgssenter
Personretta tenester (heimesjukepleie): ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat: Kr. 3.000,- per mnd.
Vask av tøy: kr. 750,- per mnd.
Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på Stord sjukeheim:
Korttidsopphald/rehabiliteringsopphald
Kr. 125,- per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.
Langtidsopphald
75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.
Avlastingsopphald
Ingen eigenbetaling
Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
Prisliste for vaksinasjon
Leigesatsar for utleige av rom og utstyr
Gå til Stord kulturskule sine heimesider for betalingssatsar
Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova (Lova §32, forskrift §16). Innført 1. januar 2010. For saker som er søkt om før denne dato gjeld "Oppmålingsarbeid etter delingslova".
1.1. Oppretting av matrikkeleining
1.1.1. Oppretting av grunneigedom og festegrunn
Areal frå 0 - 1000 m2 kr. 21.450,-
Areal frå 1001 m2 - auke pr. påbegynt da kr. 2.900,-
Areal over 10 da. etter medgått tid. Minstegebyr kr. 50.000,-
Ved samstundes oppmåling av tomter som grensar til kvarandre og/eller er "gjenbuarar", vert gebyret redusert med 20% frå og med tomt nr. 4.
Gebyret kan reduserast ytterlegare med 10% frå og med tomt nr 4 ved oppmåling i felt der grensepunkta på førehand er markert i marka i samsvar med løyve til frådeling.
1.1.2. Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
Gebyr pr ny matrikkeleining kr. 3.785,-
I tillegg kjem ev utlegg til kunngjeringar.
Ev undersøkingar i marka vert fakturert etter medgått tid.
1.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon
Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon
Areal frå 0 - 50 m2 kr. 9.500,-
Areal frå 51 - 250 m2 kr. 12.000,-
Areal frå 251 - 2000 m2 kr. 15.000,-
Areal frå 2001 m2 - uke pr. påbegynt da. kr. 1.000,-
1.1.4 Oppretting av anleggseigedom
Gebyr som for oppretting av grunneigedom.
Volum frå 0 - 2000 m3 kr. 21.450,-
Volum frå 2001 m3 - auke pr. påbegynt 1000 m3 kr. 2.900,-
1.1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr for registering av eksistrande jordsameige vert fakturert etter medgått tid.
1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
Etter grunngjeven søknad kan ny matrikkeleining opprettast før oppmålingsforretning er fullført, jf forskrift § 25. Det vert fakturert gebyr etter pkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 eller 1.1.5, samt tilleggsgebyr pr matrikkeleining kr. 2.800,-
1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
Gebyr for utført arbeid når saka vert trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje lar seg matrikkelføra på grunn av endra heimelstilhøve eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert satt til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2.
1.3. Grensejustering
1.3.1. grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5% av eigedomen sitt areal. (maksimalgrensa er satt til 500 m2). Ein eigedom kan ikkje avgje areal som i sum overstiger 20% av eigedomen sitt areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneformål kan andre arealklassar gjelde.
Areal frå 0 - 250 m2 kr. 5.250,-
Areal frå 251 - 500 m2 kr. 10.500,-
1.3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5% av anleggseigedomen sitt volum. (maksimalgrensa er satt til 1000 m3)
Volum frå 0 - 250 m3 kr. 5.250,-
Volum frå 251 - 1000 m3 kr. 10.500,-
1.4 Arealoverføring
1.4.1. Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
Areal frå 0 - 250 m2 kr. 10.200,-
Areal frå 251 - 500 m2 kr. 12.570,-
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m2 fører til auke i gebyret på kr. 2.000,-
1.4.2. Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna - ikkje vera registrert på en tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhengjande volum.
Volum frå 0 - 250 m3 kr. 10.200,-
Volum frå 251 - 500 m3 kr. 12.570,-
Volumoverføring pr. nytt påbegynt 500 m3 fører til auke i gebyret på kr. 2.000,-
1.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
For inntil 2 punkt kr. 3.100,-
For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr. 1.550,-
1.6 Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/ eller klarlegging av rettar
For inntil 2 punkt kr. 5.250,-
For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr. 1.550,-
Klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid.
1.7 Privat grenseavtale
Vert fakturert etter medgått tid.
1.8 Tilleggsgebyr
1.8.1. Endring i forhold til godkjent frådelingsvedtak
Gjeld ynskje om endring som rekvirent legg fram på kartforretningsmøtet og som må godkjennast av planavdelinga. munnleg eller skriftleg kr. 2.000,-
1.8.2. Ekstra kartforretning i eksisterande sak
Gjeld når det er naudsynt med ekstra kartforretning i marka pga usemje mellom partane, eller når det er ynskje om endring, eller andre forhold som skuldast partane og som vert lagt fram etter at den første kartforretninga er halden kr. 3.140,-
1.9 Timesatsar
Kontorarbeid kr. 1.045,-
Markarbeid inkl. transport og materiell kr. 1.670,-
Minstegebyr kr. 5.170,-
1.10 Urimelig gebyr
Dersom gebyret openbart er urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeid og dei kostnadane kommunen har hatt, kan Rådmannen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsetja eit høveleg gebyr.
Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeve søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetja eit redusert gebyr.
1.11 Endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka
Gjer rekvirenten under saka sin gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vert likevel gebyret oppretthalde.
1.12 Utsteding av matrikkelbrev
(maksimalsats vedteken av Statens kartverk)
Matrikkelbrev inntil 10 sider kr. 175,-
Matrikkelbrev over 10 sider kr. 350,-
Endring i maksimalsatsane vert regulert av Statens kart verk i takt med den årlige kostnadsutviklinga.
1.13 Tinglysingsgebyr og gebyr for grunnboksutskrifter mm
For alt som skal tinglysast etter matrikkellova §24 kjem tinglysingsdebyr i tillegg. Det vert også sendt faktura på naudsynt utskrifter frå grunnboka mm.
1.14. Betalingsreglar
Det vert ikkje rekna meirverdiavgift av oppmålingsgebyra.
Gjeld for saker søkt om før innføring av matrikkellova 01.01.2010. For saker søkt om etter 1. januar 2010, gjeld "oppmålingsarbeid etter matrikkellova".
1 Kartforretning
1.1 Forretning utført av kommunen
X i etterfølgande tabellar er areal i kvadratmeter.
1.1.1 Kombinert kart- og delingsforretning
for nytt eigedomsnummer eller kartforretning over eksisterande eigedomsnummer (pr. eigedomsnummer):
areal til og med 1000 m² kr 21.450,-
areal 1000 til 5000 m² kr 18.550,- + 2,90X
areal 5000 til 20000 m² kr 35.650,- + 1,00X
areal over 20 dekar etter medgått tid. Minstegebyr kr 67.100,-
Ved samstundes oppmåling av tomter som grensar til kvarandre og/eller er ”gjenbuarar”, er gebyret 80 % av ovannemnde gebyr frå og med tomt nr. 4.
1.1.2 Kombinert kart- og delingsforretning
for tilleggsareal til eksisterande eigedomsnummer eller uregistrert samferdselsgrunn areal til og med 500 m² kr 12.570,-.
Ved større areal skal det betalast gebyr etter satsane i pkt 1.1.1.
Der tilleggsarealet kjem frå fleire eigedomseiningar, skal det reknast
gebyr for kvar frådelt parsell.
1.3 Avbrot i kartforretningsarbeidet
Gebyr skal betalast i høve til det som er utført eller som kommunen må utføra, etter % satsane i 1.2.
Minstegebyr: kr 3.140,-
1.4 Tilleggsgebyr
1.4.1 Endring i forhold til godkjent frådelingsvedtak
Gjeld ynskje om endring som rekvirent legg fram på kartforretningsmøtet og som må godkjennast av planavdelinga, munnleg eller skriftleg
kr 2.000,-
1.4.2 Ekstra kartforretning i eksisterande sak
Gjeld når det er naudsynt med ekstra kartforretning i marka pga. usemje mellom partane, eller når det er ynskje om endring eller andre forhold som skuldast partane og som vert lagt fram etter at den første kartforretninga er halden. kr 3.140,-
3 Grensepåvising
For påvising av grense ut frå koordinatfastsette grenser i målebrev i samband med kartforretning etter pkt 1.1.1 - 1.1.2, pr. punkt: kr. 1.550,-
4 Andre tenester
Hjelp til å utarbeida/framskaffa dei dokument som er naudsynte før ein kan tinglyse ny eigedom/tilleggsareal, t.d. skøyte, vegrett, pantefråfall osv.
Gjeld berre saker som er til handsaming i Stord kommune.
Pr dokument kr 1.670,-
5 Timesatsar
Anna oppmålingsarbeid vert rekna etter medgått tid.
Kontorarbeid: kr 1.045,-
Markarbeid inkl. transport og materiell kr 1.670,-
Minstegebyr: kr 5.170,-
8 Tinglysingsgebyr
For alt som skal tinglysast etter delingslova § 4-2 kjem tinglysingsgebyr i tillegg.
9 Betalingsreglar
Betalinga kan krevjast før forretninga vert halden.
Det vert ikkje rekna meirverdiavgift av oppmålingsgebyra. Unntak er andre tenester etter pkt. 4 som det skal reknast meirverdiavgift av og som kjem i tillegg til prisen.
Parkeringsavgift
Gjeldande betalingssatsar på avgiftsbelagde parkeringsplassar i Leirvik sentrum:
Måndag - fredag
kl. 08.00 - 17.00: Kr. 10,- per time, inkl. mva. Inga tidsavgrensing.
Laurdag
kl. 10.00 - 13.00 Kr. 10,- per time, inkl. mva. Inga tidsavgrensing.
Sundag Gratis parkering
Førehandsbetalt parkering
Det kan også kjøpast førehandsbetalt parkering. Følgjande betalingssatsar gjeld:
Vekeskort: Kr. 223,-
Månadskort: Kr. 983,-
Årskort: Kr. 11.619,-
Korta vert selde i Kundetorget, Stord rådhus. Kontakt Kundetorget her.
Gebyr og tilleggsavgifter
Om å parkera i strid med trafikk- og skiltreglar
Parkering i strid med trafikk– og skiltreglar kan føra til ilagt gebyr på kr. 500,00. Det er politiet og Stord kommune sine trafikkbetjentar som kan ileggja dette gebyret.
Gebyret vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på gebyret si bakside.
Om å parkera utan å betala avgift
Parkering utan å betala, eller lengre parkering enn det er betalt for på avgiftsbelagd parkeringsplass, kan føra til ileggelse av tilleggsavgift på kr. 300,00. Det er kommunen sine trafikkbetjentar som kan ileggja tilleggsavgift.
Tilleggsavgifta vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på tilleggsavgifta si bakside.
Regulativ for handsaming av private framlegg til regulerings- og delingssøknader, inkl. tomtedelingsplanar og plan for utbygging, søknader om dispensasjon o.l.
§ 1 Etter dette regulativet vert det kravd gebyr for handsaming av:
Framlegg til reguleringsplanar og endring av desse, pbl. §§ 4-1, 4-2, 12-8, 12-9, 12-10, 12-11 og 12-14.
Framlegg om mindre endring av reguleringsplanar, pbl § 12-14.
§ 2 Gebyrsatsar
§ 2.1
For private framlegg til regulerings- og utbyggingsplanar og endring av slike skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr. 30.750,-.Gebyret skal vera betalt før saka vert lagt fram for 1.gongshandsaming i fast utval for plansaker.
§ 2.2
Når planframlegg er vedteke lagt ut til offentleg ettersyn forfell eit arealgebyr til betaling.
a. For regulerings- og utbyggingsplanar opptil 10 daa: Kr. 49.200,-
b. For regulerings- og utbyggingsplanar over 10 daa: Kr. 98.400,-
c. For endring av regulerings- og utbyggingsplanar: Kr. 49.200,-
Arealgebyret skal vera betalt før planframlegget vert lagt fram for 2.gongs handsaming i fast utval for plansaker.
§ 2.3
For planframlegg der dei mottekne plandata oppfyller kommunen sine krav til plankart, reguleringsføresegner og planomtale i digital form vert gebyret redusert med kr. 24.600,-.
§ 2.4
For planar med krav om planprogram og konsekvensutgreiing skal det i tillegg til satsane i § 2.1 og §2.2 betalast eit handsamingsgebyr med kr. 20.000,-
§ 2.5
For mindre, "bagatellmessige" endringar i reguleringsplanar, separate søknader om dispensasjon frå kommuneplan, reg.plan/utb.plan og for handsaming av tomtedelingsplan, plan for utbygging o.l. kr. 7.630,-
For mindre endringar i reguleringsplanar som vert lagt fram for politisk handsaming: Kr. 13.780
§ 2.6
For handsaming av prinsippsøknader og søknader om å få starta arbeid med privat reguleringsplan: Kr. 13.520,-
§ 2.7
Planframlegg som berre omfattar spesialområde vern eller offentlege friområde vert friteke for å betala gebyr.
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet.
Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall
Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen.
Betalingssatsar for renovasjon for Stord kommune finn du hos Sunnhordland Interkommunale Miljøverk – www.sim.as
100 % plass: Kr. 2 370,- pr. mnd.
80 % plass: kr. 1.957,- pr. mnd
60 % plass: kr. 1.483,- pr. mnd
50 % plass: kr. 1.287,- pr. mnd
Dagpris: Kr. 247,-
Prisane er justert etter vedtak i Komité for oppvekst og utdanning 8. desember 2009 og gjeld frå 1. januar 2010.
Dagpris
Dagpris inneber at foreldre kan tinga SFO-plass på dagar som er skulefri for born som alt er i skulefritidsordninga, og på alle dagar for born som normalt ikkje er i skulefritidsordninga.
Tinging av einskilddagar kan ein no gjere på internett. I eit eige søknadsskjema kan ein velje dagar/perioder der borna normalt ikkje er i skulefritidsordninga.
Tilknytingsavgifter
For tilknyting til kommunal vassforsyning eller avløp, må det søkjast på særskilt skjema. Søknad må vera godkjent og avgifta betalt før tilknyting skjer.
Eingongsgebyr for tilknyting vert likt for alle abonnentar med inntil 2” tilknytingsleidning til vatn. Ved tilkopling med større dimensjonar, vert det rekna tillegg i avgifta.
Tilknytingsavgift skal reknast for kvart bygg etter reglar som for årsavgifter.
3.1 Bustader/Fritidsbygg
Vatn: Kr. 15 000,-
Avløp: Kr. 15 000,-
3.2 Industribygg
Vatn: Kr. 15 000,-
Avløp: Kr. 15 000,-
3.3 Større leidningsdimensjon, tillegg i avgifta
3 – 4” leidning: Kr 18 000,-
5 – 6” leidning: Kr 36.000,-
3.4 Naust/tappepunkt
Vatn: Kr. 15 000,-
Avløp: Kr. 15 000,-
3.5 Mellombelse tilkoplingar
Ingen tilknytingsgebyr. Alle kostnader med tilkopling/fråkopling skal dekkjast av eigar/festar av eigedomen. Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år. I særskilde tilhøve er det høve til å søkja om vidareføring.
Meirverdiavgift kjem i tillegg.
Vatn og avløp
Vatn og avløp – avgiftssatsar
Avgiftene er gruppert etter bygningsgrupper i nasjonalt register for bygningar (GAB) og Norsk standard (NS) 3457.
Avgifta vert berekna ut frå bruksareal, pr. bygning/bustadeining. Ved bruk av vassmålar vert abonnementsavgift med tillegg av forbruk etter målar/stipulert forbruk lagt til grunn for avgifter for vatn og avløp.
Det vert rekna ei abonnementsavgift for kvar bustadeining. Meirverdiavgift kjem i tillegg.
Vatn og avløp etter målt mengde
Vatn: Kr 11,27
Avløp: Kr. 13,13
Årsavgifter
Avgifta vert rekna etter stipulert eller målt forbruk. Abonnementsavgifta er den same enten ein får avgifta rekna etter stipulert eller målt forbruk. Meirverdiavgift kjem i tillegg.
Bustader bygningsgruppe 11: Einebustad
Årsavgift for småhusvære opptil 60 m2 bruksareal utan vassmålar:
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 676,-
Sum Kr. 2.222,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 788,-
Sum Kr. 2.674,-
Årsavgift for husvære frå 61 m2 inntil 200 m2 bruksareal utan vassmålar:
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546-
Variabel del Kr. 1.467,-
Sum Kr. 3.013,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 1.709,-
Sum Kr. 3.595,-
For husvære over 200 m2 bruksareal uten vassmålar. Tillegg pr. kvm.:
Vatn: Kr. 13,20
Avløp: Kr. 13,80
Bustader bygningsgruppe 12-14: Tomannsbustad, rekkehus, større bustadbygg.
Eigedomsavgift pr. bustadeining. Årsavgift for småhusvære opptil 60 m2 bruksareal utan vassmålar:
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 676,-
Sum Kr. 2.222,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 788,-
Sum Kr. 2.674,-
Årsavgift for husvære frå 61 m2 inntil 200 m2 bruksareal utan vassmålar:
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 1.467,-
Sum Kr. 3.013,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 1.709,-
Sum Kr. 3.595,-
For husvære over 200 m2 bruksareal uten vassmålar. Tillegg pr. kvm.:
Vatn: Kr. 13,20
Avløp: Kr. 13,80
Ved bruk av vassmålar vert det rekna ein abonnementsavgift for kvar bustadeining.
Bygning for bufellesskap, bygningsgruppe 15:
Bu- og servicesenter, studentheim og liknande.
Årsavgift for inntil (pr.) 4 hyblar utan vassmålar:
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 1.467,-
Sum Kr. 3.013,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 1.709,-
Sum Kr. 3.595,-
Hytte/fritidshus, bygningsgruppe 16–17, og tappepunkt.
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 676,-
Sum Kr. 2.222,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 788,-
Sum kr. 2.674
Industri / næringsdrivande o.l., bygningsgruppe 18, 21-44.
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 676,-
Sum Kr. 2.222,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 788,-
Sum Kr. 2.674,-
Forretning, verksemd, kontor, driftsbygning, naust o.l. 61 – 200 m2:
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 1.546,-
Variabel del Kr. 1.467,-
Sum Kr.3.013,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 1.886,-
Variabel del Kr. 1.709,-
Sum Kr. 3.595,-
Forretning, verksemd, kontor, driftsbygning, naust o.l. over 200 m2 bruksareal; tillegg pr. kvm.:
Vatn: Kr. 13,20
Avløp: Kr. 13,80
Industri o.l over 200 m2, bygningsgruppe 21–84, etter målt forbruk.
(Krav om vassmålar).
Vatn
Abonnementsavgift Kr. 6.186,-
Avløp
Abonnementsavgift Kr. 7.544,-
Vatn og avløp etter målt mengde:
Vatn: Kr. 11,27
Avløp: Kr. 13,13
Årsavgifta vert rekna frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.
Tøming slamavskiljar
Årsavgift
Heilårsbustad (tøming annakvart år.) kr. 700,-
Hytte/fritidshus (tøming kvart 4. år) kr. 360,-
Minirenseanlegg skal ha tøming kvart år.
Leige av handelsplass på Leirvik Torg
1. Pris per rute på 15 m2 (minstepris) per dag: Kr. 110,-
2a. Faste torghandlarar for 60 m2 per år: Kr. 19 800,-
2b. Dersom dei faste torghandlarane einskilde dagar har trong for meir enn 60 m2, skal det betalast full leige for dette etter punkt 1, i tillegg til den faste leiga.
3. Straum til vekt, lys og varme skal, av dei faste torghandlarane, betalast over eigen målar. Tilfeldige torghandlarar skal betala kr. 10,- per dag.
4. For nattoppstilling er det ei avgift på kr. 1000,- per månad for faste torghandlarar, og kr. 35,- per natt for tilfeldige.
5. Avgifta skal betalast forskotsvis per dag eller månad til Kundetorget. Forskotsbetalt avgift kan ikkje krevjast refundert. Avgiftene for torghandel er fritekne for meirverdiavgift.