Av:
Stord kommune
Publisert:
22.05.2009
Foto: Camilla Larsson
Oppdatert:
29.11.2010
Habilitering og rehabilitering er definert i forskrift om habilitering og rehabilitering §2
Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel kor fleire aktørar samarbeidar om å gje nødvendig bistand. Habilitering og rehabilitering skal bidra til at menneske med nedsett funksjon opplever meistring, sjølvstende og får delta i samfunnet på eigne premisser.
Ein kan venda seg til Kundetorget ved behov for re-/habilitering. Du kan og venda til kundetroget om du ønskjer individuell plan.
I menyen til høgre finn du informasjon om habilitering og rehabilitering , link til søknadsskjema og anna relatert informasjon. Søknad vert handsama av kundetorget; sjå kontaktinformasjon til høgre.
Informasjonstelefon for habilitering og rehabilitering:
Pasientar, pårørande og helsepersonell kan ringje gratis grønt nummer 800 300 61 for informasjon om habilitering og rehabilitering alle kvardagar mellom kl. 09:00 og 15:00.