Har du spørsmål om kommunen sine tenester?
Kontakt kundetorget dersom du har spørsmål om kommunen sine tenester og servicetilbod. E-post: post@stord.kommune.no, telefon: 53 49 66 00 (Frå utlandet må du ringa +47 53 49 66 00.)
Få svar ved hjelp av nettprat (chat)
Prøv nettprat med kundetorget og få svar med det same. Nettprat (chat) er ei teneste som kan samanliknast med ein telefonsamtale – bortsett frå at du skriv på tastaturet i staden for å bruka stemma.
Klikk på lenka, velg språk og klikk 'Start'. Du vil då automatisk bli kopla opp mot ein av medarbeidarane i kundetorget i Stord kommune.
Opningstidene for nettprat er: Mandag - fredag kl. 09.00-15.00. Dersom me ikkje skulle vera tilgjengelege, får du høve til å senda e-post. Me vil svara deg på e-post så snart me kan, og seinast neste virkedag.
Gå til nettprat
Ta direkte kontakt med aktuell eining
Dersom du ynskjer å koma direkte i kontakt med ei bestemt eining i kommunen, vil du finna kontaktinformasjon på heimesidene til kvar eining. Oversikt over einingane og lenke til sidene deira finn du under Organisasjonen.