Av:
Stord kommune
Publisert:
11.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Kven er me?
Trio Vest er ei profesjonell musikargruppe som består av:
- Grete Hylland (tverrfløyte)
- Jarle Kristoffersen (cello)
- Magnus Blom (klaver)

Me har base på Stord og arbeidsgjevaren vår er Stord kulturskule.
Me har alle fleirårig høgskuleutdanning og lang erfaring som utøvande musikarar.
Ein viktig del av arbeidet vårt er skulekonsertverksemd for Rikskonsertane. Me dreg kvart semester på turne til skular i heile Hordaland.
Me ser fram til å treffe deg, også!