Av:
Stord kommune
Publisert:
09.03.2009
Oppdatert:
23.06.2011
Me har to kor som er tilknytta kulturskulen. Desse er Stord kulturskulekor og Stord ungdomskor. Du finn meir informasjon om dei ved å klikke på lenkene ovanfor.
Stord kulturskulekor er for elevar i alderen 5. til 8. klasse. Dette koret har tradisjonelt vore eit jentekor, men kan også gje plass til gutar.
Stord ungdomskor er for ungdom frå 15 år og opppover. Ungdomskoret har også gjennom alle år vore eit jentekor, men kan ta inn gutar dersom det vert nok gutar som søkjer. Stord ungdomskor vert drive i samarbeid med kyrkja i Stord.