Av:
Åge Vallestad
Publisert:
04.03.2009
Oppdatert:
23.01.2012
På lenkene ovanfor kan du finne informasjon om alle undervisningstilboda våre.
Til informasjon kan me komande skuleår ikkje tilby undervisning i blokkfløyte, keyboard/synth, klarinett og saksofon. Dette grunna manglande lærarkrefter. Me har heller ikkje noko undervisningstilbod i visuelle kunstfag. Dette på grunn av manglande ressursar.
Me har i fleire år hatt lange ventelister på gitar, dansetilbod, drama/teater og song. Me oppmodar søkjarar til desse tilboda om å søke alternative tilbod. Det har dei to siste åra vore ledige plassar på cello. Dette er eit instrument me kan tilrå for barn frå 6 år og oppover.
Skuleåret 2011-2012 har me desse nye tilboda:
- Klasssisk ballett for barn i alderen 3 til 6 år
- StreetDance/HipHop for gutar
- Parkour
- Ukulele
- Visuelle kunstfag
Me har pr. 23.01.12 ikkje nok søkjarar til å setje i gong undervisning i ukulele og visuelle kunstfag.
1. april er også søknadsfrist for kor og korps om å kjøpe dirigenttenester frå kulturskulen.
Søknadsfrist for musikkleik 0-1 er 1. juni og 1. desember.