Av:
Stord kommune
Publisert:
15.06.2010 08:33
Oppdatert:
21.06.2010 11:36
Strykeseminar
Laurdag 12 juni hadde 34 unge musikarar frå Stord og Kvinnherad seminar på Tjødnalio skule.
Fiolinistar og cellistar danna eit flott orkester som øvde og leika frå 0930-1600. Dei hadde sjølvsagt ”Hentekonsert” for foreldra i halv fire tida. Instruktørane var lærarar frå dei to kulturskulane i Stord og Kvinnherad. Repertoaret var alt frå My Bonnie til Marsj av Corelli. Vi fekk god mat og drikke og fotballbingen vart flittig brukt i pausane. Ein fin dag med mykje fin musikk! Samarbeidet med Kvinnherad byrja i januar då me vitja dei. Neste år satsar vi på å få til seminar saman igjen.
Under finn du nokre bilete frå seminaret.
Kjekt å samlast!
Jarle Kristoffersen
Distriktsmusikar/lærar - Stord Kulturskule



