Av:
Stord kommune
Publisert:
28.06.2010 12:28
Oppdatert:
30.06.2010 08:45
Pr 20. juni 2010 var det kome inn søknader til 632 elevplassar fordelt på 383 einskildpersonar. Av desse har 126 allereie elevplass, men ynskjer ekstra tilbod i kulturskulen. Med det er det 257 som ikkje har noko tilbod i kulturskulen før opptak til nytt skuleår.
Av dei 180 som har fått plass ved første opptak har 144 ikkje tilbod i kulturskulen frå før av.
Me har framleis ledige plassar på cello, kornett, animasjon (les meir her) og jazzdans for vaksne samt i Stord kulturskulekor-Aspane og Stord ungdomskor.
Me vil også få ledige plassar på eit heilt nytt tilbod som heiter Marimba frå Guatemala. Du kan finne meir opplysningar om dette tilbodet her.
Frå august vil me i kulturskulen førebels ha 691 elevplassar fordelt på 580 einskildpersonar. Dette kan auka frå 691 til ca. 730 om me lukkast å fylle opp dei ledige plassane. Det vil i så fall vera ei auke på ca. 21,5% sett i høve til korleis situasjonen var ved oppstart av skuleåret 2009-2010.
Av dei 580 er 475 elevar i grunnskulealder. Dette gjer at 18,20% av grunnskuleelevane har eit tilbod i kulturskulen. Målet er at 30% skal ha eit slikt tilbod.
Inntaket fordeler seg slik:
| Dansetilboda |
90 |
| Drama/teater |
20 |
| Fiolin |
8 |
| Piano |
3 |
| Song |
5 |
| Slagverk |
5 |
| Gitar |
10 |
| Tverrfløyte |
7 |
| Musikkleik 0-1 |
11 |
| Rock/jazz |
2 |
| Cello |
2 |
| Kornett |
3 |
| Stord kulturskulekor-Aspane |
3 |
| Stord ungdomskor |
2 |
| Teaterorkester |
8 |