Av:
Stord kommune
Publisert:
09.06.2010 11:37
Oppdatert:
11.06.2010 11:42
Konsertane var i kunsthallen i kulturhuset og så mange som 300 barn var innom dei tre konsertane som vart arrangert.
Lærarane som ansvarlege for konsertane denne dagen var Fredrik Horn, Rune Nesse og Svein Roger Koppang. Elevane som deltok var Jonar Steinkopf og Kristoffer Andersland på perkusjon, Live Petterteig og Mathias Låte Waage på piano og Håvard Andersland og Jostein Bergsvåg på kornett.
Dette var sluttinnspurten for konsertane våre for kommunen sine barnehagar i vår. Totalt er det godt over tusen barn som i vår har fått oppleve levande musikk med våre elevar og lærarar. Konsertane er svært godt mottekne i barnehagane. Me har halde på med denne tradisjonen i fleire år og me vil også fortsetje med det i åra som kjem. Neste gong me inviterar til slike konsertar vert våren 2011.
Under er nokre bilete frå konserten.



