Av:
Stord kommune
Publisert:
09.09.2009
Oppdatert:
11.06.2010
For å gi god service er Stord kommune avhengig av dialog med brukarane. Når det er kø i sentralbordet, eller utanom opningstid kan ein koma gjennom på andre måtar.
Her kan ein kommunisera med ein av medarbeidarane i kundetorget. Ein vil få kontakt i løpet av kort tid og kan føra ein "samtale" via nettprat. Etter klokka 15.00 vil ein få høve til å senda ei melding som kundetorget vil svara på neste dag.
Det er Sunnhordland Kraftlag (SKL) som har ansvaret for drift og vedlikehald av veglysa i kommunen. Du kan melda frå til SKL om feil på veglys via lenke på denne sida.
Det er viktig å melda frå om driftsproblem på vassleidningsnettet. Ved å melda frå til kundetorget vert saka registrert og Stord vatn og avlaup KF kan følgja opp saka.
Hol i vegen m.m.
Her kan du melda frå om saker som omhandlar vegvedlikehald, som til dømes hol i vegen. Eining for veg, trafikk og park følgjer opp sakene.
Ros og ris
Er det noko du saknar på Stord kommune sine nettsider? Noko du er misnøgd med? Meiner kan bli betre? Eller har du ein god idé?