Av:
Nina Sørli
Publisert:
23.06.2010
Foto: Vibeke Mjånes
Oppdatert:
23.06.2011
Det er ikkje studentbarnehage på Stord, så studentar søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.
Stord kommune har eitt hovudopptak i året med søknadsfrist 15. mars. I tillegg vert det gjort kontinuerleg opptak gjennom året etter gjeldande opptaksreglar. Dersom ein vil krevja retten til plass, må søknaden vera Kundetorget i hende innan fristen for hovudopptaket.
Søknad vert å senda på elektronisk skjema. Dei som treng hjelp til utfylling eller har spørsmål kring søknad om barnehageplass, kan kontakta Kundetorget på tlf. 53 49 66 00.