Av:
Nina Sørli
Publisert:
11.09.2009 13:00
Oppdatert:
02.07.2010 14:35
Stord Formannskap har gjort vedtak om at kommunen skal arbeida for å bli ein Fairtrade-kommune. Sist veke vart søknadsprosessen sett i gang.
Ein Fairtrade-kommune er ein kommune som jobbar aktivt med å auka kjennskapen til og forbruket av Fairtrade-merka produkt i lokalmiljøet sitt.
Det inneber at kommunen, næringslivet, frivillige lag og organisasjonar og einskildpersonar i kommunen m.a. har eit bevisst forhold til varer som blir kjøpt.
Ei breidt samansett styringsgruppe
Stord kommune har oppretta ei styringsgruppe som har som mål å få Stord godkjent som Fairtradekommune. Sist veke hadde styringsgruppa sitt første konstituerande møte (biletet). For å kunna dekka dei ulike krava til Fairtrade, er styringsgruppa samansett av representantar frå Næringslivet, fagrørsla, kommunepolitikarar og kommuneadministrasjon.
Kva er Fairtrade?
Merkeordninga Fairtrade er ein garanti for at varene er produsert under verdige forhold. Arbeidarane er sikra ei garantert minsteløn, verdige og trygge arbeids- og sosiale forhold. Vidare sikrar merkeordninga at ein del av inntektene frå sal kjem attende til arbeidarane slik at dei gjennom demokratiske prosessar kan byggja opp lokalsamfunnet til felles beste.
For å søkja om å bli fairtradekommune må følgjande krav innfriast:
- Arbeida aktivt for bruk av merkenamnet "Fairtrade"
- Det skal drivast aktivt informasjonsarbeid om "Fairtrade" i kommunen
- Pålagt å servera Fairtrade-kaffi og te til tilsette og i samband med møte
- Pålagt å ha eit utval av Fairtrademerka produkt tilgjengeleg i lokale butikkar og serveringsstader
- Fairtrademerka produkt skal nyttast i eit visst omfang i lokale verksemder, skular etc...
Vil du vera med?
Verksemder, lag, organisasjonar og einskildpersonar i Stord som ynskjer meir informasjon om Fairtrade, eller som vil gjera noko aktivt for å fremja dette arbeidet er velkomne til å ta kontakt med Stord kommune.
Send e-post til: post@stord.kommune.no
Meir om Fairtrade på www.fairtradenorge.no
Biletet: Frå det fyrste møtet i styringsgruppa. Frå venstre: Elin Ravnskog, Odd Magne Agdestein, Magne Erstad og Leif Steinar Alvsvåg. Anne Grethe Sandtorv var ikkje til stades. Sidan er fleire medlemmar komne til.